For fagpersonar og kommunar

For fagpersonar og kommunar

Eit trygt og enkelt tilbod å tilvise til

For deg som vurderer eit tilbod for ein av dykkar: vi er ein godkjend gard som tek oss av det praktiske, det faglege og tryggleiken. De tilviser – så finn vi rett opplegg saman.

Forløpet

Slik samarbeider vi

1

Kontakt og behov

De tek kontakt og fortel kort om behovet.

2

Vurdering og besøk

Vi vurderer kva som passar, gjerne med eit besøk på garden.

3

Avtale og oppstart

Vi avtaler omfang, rammer og det formelle, og set i gang.

4

Oppfølging og evaluering

Jamn oppfølging og evaluering undervegs, i dialog med dykk.

Tryggleik og ansvar

Det de kan stole på

Gro Dale Dalland er fagleg ansvarleg, med relevant utdanning og oppdatert førstehjelp. Garden er godkjend Inn på tunet-gard etter KSL-standard 11, med faste rutinar for tryggleik og kvalitet. Politiattest vert framlagt i samband med avtale.

Avtale og vilkår

Fleksibelt og føreseieleg

Tenestene er mva-fritt. Omfang og pris vert avtalt per økt og tilpassa behovet dykkar – frå enkeltdeltakarar til faste, vekevise opplegg. Fakturering etter avtale.

Forankra i nasjonal strategi

Inn på tunet er løfta fram i den nye nasjonale strategien for feltet (2026–2036). Og frå 2026 kan kommunar inngå avtale direkte, utan anbodskonkurranse, for kjøp opp til 500 000 kr eks. mva.

Les den nasjonale strategien →

Ta kontakt

Ta ein uforpliktande samtale

Ta kontakt med Arne for å drøfte eit opplegg eller ein fast avtale. Vi finn ut av det saman.

Send e-post

Arne Dalland · 915 37 425 · post@ovredale.no