Inn på tunet

På naturens premisser

Natur, dyr og gardsliv som ein arena for læring, meistring og livsglede

Me leverer tilrettelagde og bemanna opplegg på ein godkjend gard – med fagleg følgje heile vegen, ikkje passiv utleige.

Frekhaug i Alver · UNESCO Nordhordland biosfæreområde

Kva me tilbyr

Inn på tunet hjå oss

Inn på tunet er kvalitetssikra velferdstenester på gard. Hjå oss handlar det om å bruke garden – dyra, naturen og det daglege arbeidet – til å gje den einskilde tryggleik, struktur, meistring og fellesskap.

Kvart opplegg er bemanna og fagleg leia, tilpassa den einskilde. Me samarbeider tett med kommunar, fagpersonar og pårørande om målretta opplegg, med jamn oppfølging og evaluering undervegs.

Me tek imot eit avgrensa tal deltakarar om gongen – eit medvite val for å halde kvaliteten oppe.

Øvre Dale Gård har etablert samarbeid med profesjonelle aktørar innan helse- og omsorgssektoren, og har motteke svært positive tilbakemeldingar på kvalitet, oppfølging og gjennomføring av tilboda våre.

For kven

Opplegg innan dei områda det offentlege prioriterer

Me tek imot deltakarar tilvist frå skule, PPT, barnevern, habilitering og NAV.

Oppvekst og opplæring

Alternativ læringsarena for skule og PPT.

Barnevern

Gardsbaserte opplegg i det miljøterapeutiske arbeidet.

Helse og omsorg

Habilitering og tilrettelagde tilbod ved funksjonsnedsetjing.

Arbeidstrening

Praktisk arbeid og eit meiningsfullt arbeidsfellesskap.

Aktivitetar

Kva ein deltakar gjer hjå oss

Aktivitetane kan omfatte stell av dyr, arbeid i stall og på gard, vedlikehald, turar i naturen, hagearbeid, matlaging, praktiske oppgåver og hesteassisterte aktivitetar. Innhaldet vert tilpassa den einskilde deltakaren.

Målsetting

Kva ønskjer vi å oppnå?

Gjennom aktivitetar på garden arbeider vi for å styrkje:

meistringskjensle
sjølvstende
sosial deltaking
struktur i kvardagen
motivasjon og læring
fysisk aktivitet og livsglede

Mål og innhald vert tilpassa den einskilde deltakaren.

Hesten og anlegget

Tilrettelagt for trygg meistring

Garden har fullverdig ridebane, romsleg stall og tilrettelagd rampe for av- og påstigning, slik at også rullestolbrukarar kan ta del.

Hesteassisterte aktivitetar vert leia av oss. Formell ridefysioterapi skjer i samarbeid med fysioterapeut – då stiller me med anlegg, tilvende hestar og kvalifisert handicapleder ved sida av.

Trygt og kvalitetssikra

De tilviser – vi tek oss av tryggleik, fagleg ansvar og gjennomføring

Gro Dale Dalland er fagleg ansvarleg – utdanna agronom og kvalifisert handicapleder (ledsagar ved tilrettelagd riding), med vidareutdanning i hest i psykososialt arbeid (Hest og Helse) og erfaring frå arbeid med menneske og dyr.

Øvre Dale Gård er godkjend Inn på tunet-gard (KSL-standard 11) og Debio-sertifisert økologisk, og ligg i UNESCO Nordhordland biosfæreområde.

Inn på tunet-godkjend KSL-standard 11 Førstehjelp Politiattest

Forankra i nasjonal strategi

Inn på tunet er løfta fram i den nye nasjonale strategien for feltet (2026–2036). Og frå 2026 kan kommunar inngå avtale direkte, utan anbodskonkurranse, for kjøp opp til 500 000 kr eks. mva.

Les den nasjonale strategien →

Slik kjem de i gang

Tre enkle steg

1

Ta kontakt

Ein kort e-post eller telefon. Fortel oss kort om behovet.

2

Vi finn eit opplegg saman

Vi vurderer kva som passar, gjerne med eit besøk på garden.

3

Oppstart

Vi avtaler omfang og set i gang. Det formelle ordnar vi undervegs.

Ta kontakt

Ta ein uforpliktande samtale med oss

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale om korleis eit tilrettelagt opplegg kan utformast. De tilviser – vi tek oss av tryggleik, fagleg ansvar og gjennomføring.

Send e-post

Arne Dalland · 915 37 425 · post@ovredale.no

Personleg oppfølging
Tett samarbeid med tilvisar
Godkjent Inn på tunet-gard
Små grupper og høg kvalitet