Gardsopplevingar

Gammlestallen på Øvre Dale Gård

Ein intim og stemningsfull stall midt i gardsmiljøet – perfekt for både feiring og samling. Her får du natur, dyr og vestlandsidyll tett på, i kombinasjon med eit lokale som gir varme og særpreg.

Vi tilbyr eigne opplegg for barnebursdagar, møter og samlingar for små grupper – og du kan òg leige stallen og garden til brudefotografering med hest og kjerre.

Barnebursdag i Gammlestallen

Gi barna ein bursdag dei seint vil gløyme!

  • Møte med dyr: kaniner, sauer og hestar
  • Enkle gardsaktivitetar og leik ute
  • Bålkos ute
  • Enkel servering: pizza eller pølser (etter avtale)
  • Lokalet rigga til bursdagsfeiring

Passar for grupper opp til 10 barn + vaksne, vi kan og tilpasse for større grupper

Firma, lag og organisasjonar

Eit annleis møtelokale – langt frå kvite veggar og kontorstol.

  • Intimt lokale for inntil 10 personar
  • Perfekt for styremøte, kurs eller teambuilding
  • Kombiner gjerne med gardsrunde eller naturtur
  • Moglegheit for enkel servering etter avtale

Brudepar og fotografering

Gjer den store dagen ekstra minneverdig i historiske omgjevnader.

  • Leige av garden og Gammlestallen for fotografering
  • Hest og kjerre kan stillast til rådigheit
  • Bobler i Gammlestallen for brudepar og forlovarar
  • Unik ramme for stemningsfulle bilete og opplevingar

👉 Ta kontakt for dato og pris – vi tilpassar opplegget etter dykkar ønskje.