

Varmrøykt lammelår – Jule-edition
Laga for julelunsj og kalde fat
Dette varmrøykte lammelåret er eit ekte handverksprodukt frå Øvre Dale Gård, laga i små batchar spesielt for julehøgtida.
Låret er salta med presisjon, krydra med einer og varmrøykt over bøk og einer. Etter varmrøyking blir det varmebehandla til ein fast og stabil tekstur som gjer det lett å skjere i tynne, fine skiver.
Resultatet er eit fast, saftig og lett skjærbart lammelår med djup røyksmak og rein lammetone – perfekt som pålegg, til potetsalat eller som ein del av eit kaldfat på julebordet.
Smak og bruk
-
Fast og skjærbart – ikkje mjukt eller vassete
-
Tydleg, men balansert røyksmak
-
Perfekt til julelunsj, kalde fat og pålegg
-
Godt saman med potetsalat, rødkål-slaw og flatbrød
Produktinformasjon
-
Produkt: Varmrøykt lammelår
-
Røykt med: Einer og bøk
-
Tilstand: Ferdig varmebehandla
-
Servering: Kald, i tynne skiver
-
Oppbevaring: Kjølevare
-
Pakking: Vakuumpakka
Jule-edition
Dette er ein sesongbasert produksjon, laga i svært avgrensa antal.

