
Økologisk spekepølse av får frå Øvre Dale Gård
Leveringsklart fra 2026
Spekepølsa av får frå Øvre Dale Gård er laga etter vestlandsk tradisjon – med tid, tolmod og handverk som viktigaste ingrediensar.
Vi har krydra pølsa med brakje, slik vikingane gjorde, noko som gir ein mild og aromatisk smak. Berre reint havsalt vert nytta – utan nitrittsalt eller kunstige tilsetjingar – slik at den naturlege smaken frå kjøt og krydder får spele hovudrolla.
Resultatet er ei ekte, økologisk spekepølse med djup smak og forankring i vestlandske mattradisjonar. Perfekt til ost og godt brød – eller som gåve til nokon som set pris på kvalitet.
Pris: 225 pr pølse, ca 400g pakka i eksklusiv gåve eske
Forhåndsbestilling – ekte handverk tek tid
Produkta våre blir laga på tradisjonelt vis, med tolmod og respekt for råvarene. Difor tilbyr vi forhåndsbestilling.
Når du legg inn bestilling, blir beløpet trekt med det same – og plassen din i produksjonen er sikra.
Levering skjer når varene er klare, vanlegvis innan 6-12 veker
Du kan sjølvsagt avbestille når som helst før vi sender, og få pengane tilbake.
Levering: Vert sendt fortløpande når pølsene er klare, eller kan hentast direkte på garden etter avtale
Kort oppsummert:
- 100 % økologiske råvarer
- Krydra med brakje – slik vikingane gjorde
- Utan nitrittsalt eller kunstige tilsetjingar
- Handlaga i små seriar
- Ei pølse som bind saman natur, tradisjon og ekte handverk
- Øvre Dale Gård – spekepølse med tradisjon, smak og historie i kvar munnfull.
Praktisk info
- Førehandsbestilling: Spekepølse vert laga i små seriar og må førehandsbestillast.
- Levering: Varene vert sende så snart dei er klare.
- Henting: Du kan òg hente direkte på garden etter avtale.
- Pris: 225 pr pakke- ca 400g
- Frakt: Fri frakt på ordre over kr 1000,-. Mindre ordre vert sendt med Posten/Bring etter vanlege satsar.
- Oppbevaring: Produkta bør oppbevarast svalt (0–15 °C). Kan òg frysast om ønskjeleg.

